Albumet “Breim” er ei av dei fire platene som er nominert til årets Spellemannpris.

Utdeling skjer 4.april

Bestill signert utgåve og få tilsendt:

470,- + PORTO

Send mail med denne teksten i emnefeltet: “Bestilling Breim” og send til

sigridmoldestad@gmail.com

Sigrid Moldestad heim til røtene sine. 
Etter 6 soloalbum med primært eigne songar og tekstar tek Sigrid Moldestad no fram felespelaren i seg og kjem med ei personlig plate med utgangspunkt i røtene sine.  Å stå i ein tradisjon krev tid og mot, skriv ho om det nye bokalbumet "Breim", som kjem i slutten av november. Her har ho gått tilbake til tradisjonsmusikken sin og spela inn eit personleg og ærlig folkemusikkalbum med slåttar som har levd i heimbygda Breim, der ho vaks opp. Den vesle vestlandsbygda var viden kjend for sin slåttemusikk og sine mange felespelarar. Sigrid Moldestad har sjølv gått i lære og studert dei musikalske historiene heimanfrå og no tek ho steget inn i denne musikken med eigne tolkningar på fele, hardingfele og vokal. Det store bandet ho vanligvis omgjev seg med,  får kvile,  og berre nokre få musikalske gjester dukkar opp på nokre av dei i alt 26 spora. Mykje av musikken vert framført heilt solo. 

I tillegg har ho skrive ei bok som følgjer albumet. Her er både personlige beretningar, dokumentarisk materiale om felespelarar og musikken, samt visuelle fortellingar frå heimbygda mellom anna sett gjennom kamera til fotograf Magnus Skrede. 

Teknikk og miks: Morten Skage

Masterig: Morten Lund. 

Medverkande på nokre av spora: 

Sigbjørn Apeland - trøorgel

Torbjørn Netland-cittern

Morten Skage-kontrabass

Det meste fremføres solo, for, som hun skriver selv, å føle på friheten og kraften hun får ved å spille alene. Det er en fornøyelse å høre på, i en hel time

(Geir Rakvaag)

“Lar oss komme tett på det forgagne og stedsnære,samtidig som boka og plata gir oss et solid portrett av en vital artist”

Arvid Skancke Knutsen-Klassekampen

NYTT ALBUM 24.03.2023

“REGNDRÅPEBORNA & ANDRE DYR”

Bak den regnvåte tittelen finn vi eit nytt møte mellom Sigrid Moldestad sin musikk og diktaren Jan-Magnus Bruheim ( 1915-1988) sine tekstar. Forrige gong var i 2014 med den kritikarroste plata “Brevet til kjærleiken”. Denne gong er det barnedikta til Bruheim som har fått nytt liv. “Eg har tenkt på barnedikta sidan den gong. At dei fortjente eit eige prosjekt, og eg er veldig stolt av å presentere både konserten og eit splitter nytt album, seier Moldestad. 

 

Saman med musikarane Jørgen Sandvik, Sondre Meisfjord og Kåre Opheim har ho freista skape eit musikalsk landskap som kler Bruheim sitt;  “Han hadde ei eiga evne til å sjå verda frå barn sitt nivå. Vi blir med ned i graset og opp i skyene. Det er fantasi og detaljar, men også ettertanke i mykje av det han skreiv. Tema som utanforskap og miljøkamp går att i fleire av dikta hans.

 Musikken hadde ur-premiere på Førdefestivalen sommaren 2022 og var eit samarbeid mellom festivalane Faluriltu og Vossajazz. No har Sigrid Moldestad og musikarane vore i studio med produsentane Yngve L. Sætre og Iver Sandøy og spilt inn alle dei nye songane. Det har vore ein leiken prosess å jobbe saman. Vi håpar det er like genre- som alderslaust og at den gleda vi har hatt undervegs både kan høyrast og opplevast.

 

Albumet vert gjeve ut av Grappa Musikkforlag og kjem 24.03. 

les meir om diktaren Jan-Magnus Bruheim HER

Embed Block
Add an embed URL or code. Learn more
instapost1.jpg

Sigrid Moldestad klar med nytt album:

Tonen i meg

Release 19.Februar